Print Screen
September 18, 2006 on 10:02 pm | In Personlig | No CommentsI dag har eg hatt nok ein gjevandes dag på jobben min som PC-vakt ved UiB. I dag har eg faktisk lært nokon korleis dei skulle bruke “print screen” knappen. Men bortsett i frå sånne artige avbrekk går tida stort sett med til å krangle med “paper-jams” og talteori. Eg trur neppe at eg vert noko stort namn innan kryptologi og talteori.
Skulen tek mykje tid og eg har meir enn nok å hengje fingrane i og som om ikkje det var nok har HV-09 funne det for godt å kalle meg inn til noke greier eg i grunn ikkje heilt veit kva er til helgja som kjem.
Uansett, for å oppsummere litt så har eg i lengre tid hatt eit lite bildegalleri, men som eg ikkje har lenka til frå nokon stader. Men ein finn det altså her. Det inneheld ikkje så mykje bilder, men det er mellom anna ein del flotte bilder frå ein liten tur eg var på i sommar saman med Michael.
Ellers so går dagane og det byrjar å nærme seg 30 Oktober, men ein begynner å få dei store og viktige tinga på plass etter kvart.
Tjeh, thats it for now..