Oppdatering

July 8, 2006 on 12:03 pm | In Personlig, Skule | 1 Comment

Mykje har skjedd sidan sist, sidan eg er ein lat slask som ikkje har skreve noko her på to måneder.
For å ta ein kjapp oppsummering så:
Mai: Undervisinga ved UiB var over og eg jobba for G4S, som er det nye namnet til tidlegare Falck avdeling vakt.
Juni: Dei fyrste to vekene oppholdt eg med på lesesalen for å forberede meg til eksamen. Med > 200 sider pensum per dag og 4 eksamener på to veker kan ein trygt sei at det var ein litt hektisk periode, men alt i alt så gjekk det ganske bra. Eg landa på B i alle faga eg tok dette semesteret og halte i land ein A i INF 101 som eg tok på nytt. Etter den siste eksamenen min gjekk eg på jobb og der har eg stort sett vore sidan. Untatt dei fire fyrste dagane i Juli.
Juli begynnte nemleg med ein liten fest på Bjørn West hytta der dei fleste av slektningane mine på mormor og morfar si side var samla og det vart servert god mat og mykkje drikke i fjellheimen. I tilegg så fekk eg treffe på barna til to av fettrane mine for fyrste gong, noko som i grunn var på tide sidan dei begge er rundt eitt år no ( barna, ikkje fetrane mine altso ).
Då dette var unnagjort var det på tide å begynne å flytte, eg og Kjersti har nemleg flytta frå Paradis og ut til Gamle Bergen i nærheten av der Monica bur. Det må berre seiast at flytting er alt for mykje stress og at eg er imponert over kor mykkje ting og tang me egentlig hadde plassert i kjellaren på Paradis. At Kjersti er gravid og ikkje kan løfte tungt reduserte ikkje akkurat arbeidsmengden for min del:)
Har vel i grunn ikkje skrevet noko om det her heller siden eg har vore så slapp på bloggen. Men ja, eg skal bli pappa til hausten og terminen er sett til 30 Oktober. Har vært på ultralyd og greier. Utrulig stilig å sjå at det ligg ein liten baby inni magen og sparkar og sug på tommeltotten. Gleder meg stort, sjølv om det er ganske skumle greier.

Vel då tenker eg at eg har oppsummert dei siste to månedene på alt for få linjer. Men litt blogg er bedre enn ingen blogg.. Untill next time

1 Comment »

RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

  1. Hei kjære fetter og gratulerer så masse med det forestående farskapet! Du kan bare glede deg for det er kjempegøy med barn!
    Klem fra kusine i Oslo!

    Comment by Gunn-Helen — 8/30/2006 #

Leave a comment

XHTML: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Entries and comments feeds. Valid XHTML and CSS. ^Top^