Eksisterer eg?

April 28, 2006 on 2:15 pm | In Personlig | 1 Comment

Tittelen på posten får det kanskje til å høyre som om eg lider av psykose eller noko lignande, men det heile er Wikipedia si skuld. I natt satt eg nemleg vaken og kjeda meg, då eg fant ut at eg skulle lage eit lite program som validerte personnummer ( og eit som genererte dei )
Full i arbeidslyst gjekk eg til wikipedia for å finne ut litt om kodeteorien bak personnummeret og laga ein liten validator.
Når eg så skulle til å teste denne validatoren putta eg inn personnummeret mitt, litt sånn forventningsfull. Men kva skjedde? Jo eg fekk beskjed om at personnummeret mitt ikkje var gyldig, noko som var særs uroande.
Hmm, har eg skreve feil i den enkle koden tenkte eg då? Men det viste seg at utrekningane til programmet mitt var heilt rette i følge wikipedia og kalkulatoren min. 11 – 0 = 11, og kontrollsiffer i personnummeret er som kjent eit siffer og ikkje to tal.
Til slutt fann eg fram allmektige google og gjekk inn på matematikk.org, der dei kunne fortelle meg at dersom eg fekk 11 til svar så skulle kontrollsifferet være 0.
Etter i natt har eg lært 1 ting:

    Spør almektige google først
    Ikkje stol på Wikipedia

Dette er egentlig ting som eg var fullstendig klar over i frå før, men eg hadde tydelegvis behov for ein liten reminder.
no.wikipedia er fikset opp ( om enn dårlig ) men eg skal fikse den skikkelig så snart eg får litt tid.

1 Comment »

RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

Leave a comment

XHTML: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Entries and comments feeds. Valid XHTML and CSS. ^Top^