God jul og godt nyttår og sånn…

January 3, 2006 on 3:27 pm | In Personlig | 2 Comments

Sidan eg tok juleferie har eg stort sett tatt ein lang ferie frå blogging og det meste anna.

Men no har eg hatt dårlig samvittighet so lenge at eg fant ut at det var på tide å skrive litt og ynskje alle god jul og sånn. Jula feirde eg i år, som alltid, heime i Fusa. Det einaste som var kjedelig var at eg også jobba i julehelga. Men alt i alt hadde eg ei super julehelg og eg fekk mykkje stilig til jul. Mellom anna minnekort til GPS’en min og ei ny trådlaus MX 1000 mus til maskina mi. Eg fekk også mykje anna kjekt, men det blir litt kjedelig å ramse alt opp her. Men eg må i vertfall sei tusen takk til alle saman. Må forresten også takke Trond, som hadde postet en bra MX1000 og Ubuntu howto på blogen sin
Dagen før nyttår var eg på Narheim i lag med Rune, Arne og Torkjel og Nyttår feirde eg på Stamnes hos Tom Harald, men sidan Rune har skrevet om dette i sin blog berre forwarde eg dit. Men ein ting må eg sei om turen til Narheim. På morgonkvisten 31. des fortalde Torkjell oss om eksamensoppgava han hadde hatt på NHH i markedsføring. Der oppgåva var å komme med forslag til korleis ein skulle utforme ein office-pakke som skulle konkurere med Microsoft. Torkjel sitt forslag, som for øvrig hadde gitt han en meget god karakter, var å bygge opp programmet slik at ein kun kunne benytte seg av filer frå dette programmet vha den aktuelle office-pakken. Onde folk på NHH som blir premiert for å komme med slike forslag.

Uansett så har eg litt bedre samvittighet no, sjølv om det ikkje var så meiningsfult det her. Har forresten akkurat oppgradert til WordPress 2.0 og er veldig fornøyd med meg sjølv

2 Comments »

RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

  1. mouhahaha. nyttår på stamnes? vidarvidarvidar!

    Comment by ingunn — 1/9/2006 #

Leave a comment

XHTML: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Entries and comments feeds. Valid XHTML and CSS. ^Top^