Ny fjelltur med BSI

September 14, 2005 on 9:47 am | In Personlig | No Comments

Vel da hadde man vært på nok ein tur saman med BSI. Denne gongen gjekk turen til Stølsheimen, som er eit høgfjellsområde nord for Modalen og Vest for Voss og slr for Ortnevik i Sogn og Fjordane.
Denne gongen hadde eg også overtalt Kjersti til å vere med på tur og på fredag klokko fira sto me klare og venta på dei andre på Bystasjonen. Me tok ekspressbussen til Romarheim, der me bytte buss, eller gjekk av bussen og inn i noko frå Modalen – Eksingedalen billag. Fleire av dei som var med på turen hadde aldri høyrt om billaget og syntest fleire aspekt ved denne bussen var ganske så artige. For det fyrste så fekk ein grupperabatt om ein betalte tre eller fleire samle ( reknar med at ei gruppe i Modalen ikkje består av så mangen folk) og for det andre så var bilettsystemet også ganske så antikt.
Då me etter ei stund kom til veis ende ( bokstaveleg talt) på Steinslandeta gjekk me av bussen og byrja å gå mot Tjuvhellaren. Dette er rett og slett ein ganske stor hellar som ligg tett inntil stien som går opp på fjellet frå Steinslandet. Her under hellaren tilbrakte me fyrste natta med bål, pølser, pinnebrød og ein del anna god mat.
Dagen etter sto vi opp i ti-tida, år frukost og samla ved før me gjekk videre. Turgruppa, som for øvrig besto av 17 stykker, delte seg no i to grupper, ei gruppe for dei som ville gå med litt tempo og ei gruppe for dei som heller ville gå litt seinare. Eg og Kjersti skulle egentlig begge gå i den litt seinare gruppa, men etter ei lita stund mista eg tolmodigheten og gjekk for å ta igjen dei andre, noko eg klarte etter ikkje så alt for lang tid.. Eg fekk heldigvis denne ideen ikkje så lenge etter me delte oss i to grupper.
Etter ein fin gåtur kom me omsiden til Nordalshytta, som var målet for dagen. Hytta ligg på ca 1000 moh. og låg fint til, rett i nærheten av eit vatn. Etter den litt harde gåturen bestemte ein del seg for å ta ein liten symjetur i vatnet. Eg hadde eigentleg planar om å la dette vere men etter kvert som den eine etter den andre hoppa uti gav eg etter for gruppepresset. Vatnet var særdeles kaldt og symjeturen vart heller kort. Men eg kom meg i vertfall uti.
Så gjekk resten av dagen med til å sittje på trappa og slappe av.
Tre fire timar seinare kom Kjersti og den andre gruppa, som hadde tatt dagen med ro. Kjersti var ganske sliten og hadde vondt i knea. Men ho kom seg no fram og meinte på at dei hadde hatt ein fin dag. Utover kvelden kom det berre fleire og fleire folk til hytta ( det var ei av DNT sine hytter ) og til slutt endte me opp med 36 overnattingsgjestar i ei hytte med 22 sengeplassar.
Søndags morgonen sto eg tidleg opp for å gå i lag med Kjersti og dei andre som ville holde eitt litt seinare tempo og me forlot hytta klokka åtte om morgonen. Me viste at me måtte komme oss til Ortnevik før klokka var halv fem, for då gjekk nemleg fergja vi måtte nå. Me holdt ein ganske grei fart, og når klokka byrja å nærme seg elleve var me kommen til det punktet då me skulle byrje på nedstigninga til Ortnevik. Her vart det pause der eg kokte Tomatsuppe og åt Toblerone :)
Etter ein litt lengre pause byrja me å gå nedover, noko knea til Kjersti ikkje var særleg glade for. Men med tida til hjelp kom me oss til Ortnevik rundt klokka tre, altså med god margin. Så var det berre å vente på ferja som tok oss over Sognefjorden før me, etter enda litt venting, kunne settja oss på Fylkjesbåten til Bergen.
Alt i alt ein flott tur. Bilder fra turen.

No Comments yet »

RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

Leave a comment

XHTML: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Entries and comments feeds. Valid XHTML and CSS. ^Top^