De syv Fjell

September 5, 2005 on 11:00 am | In Personlig | No Comments

På lørdag var det på tide å strekke litt på beina igjenn. Nok ein gong var det BSI-Frisluft som stod for arrangemanget. Målet for dagen var å bestige samtlege av dei Sju fjella som Turistforeningen pleier å gå på den berømte “7-fjellsturen” sin.
Etter ein fem seks timar med søvn stod eg opp klokko seks på laurdag og strevde meg ned til Sentrum, via Falck der eg leverte bilen eg hadde lånt dagen før.
Oppmøtet til denne turen var ein god del betre enn den tidligere omtalte turen til Ulriken, nesten ein heil GaiaBuss klarte me å fylla på vei ut til Nutec/NUI der me skulle starte frå. Darfrå gjekk turen mot Lyderhorn (396 moh.) som vart besteget ganske raskt, men tempoet roa seg ned utover dagen. Neste fjell var Damsgårdsfjellet på stusselige 284 moh. Etter ein kort pause her oppe fortsatte turen over Melkeplassen mot Løvstakken.(477 moh.) Etter kvert so begynnte eg å kjenne høgdemetrane i beina, sjølv om vi ikkje var halvvegs enda. Men det gjekk nokså greitt å komme seg opp her også.
Når vi no kom ner frå Løvstakken kom vi ner midt på Danmarksplass der vi tok eitt lite stopp på ein butikk og kjøpte oss litt Cola og sjokolade. Etterpå gjekk turen innom skulen til ein av dei som var med på turen for å fylle litt vatn på diverse flasker og camelbacker.
Ved den nedre stasjonen til Ulriksbanen hadde resursgruppa til BSI stilt seg opp og delte ut boller, kaker og saft til etter kvert litt slitne turgåarar. Etter ein liten pause her forsatte turen opp Ulriken (643 moh.), og nei, me tok ikkje banen.. Stigningen opp til Ulriken var nok dagens tøffeste og eg syntest at den var ganske så tung. Men til topps kom eg meg og der tok me ein lengre pause før me gjekk ner att frå Ulriken til Svartediket og videre opp på Fløyen(399 moh.). På veg opp dit møtte me på norsklæraren til to av dei internasjonale studentane som var med på turen ( dei var forresten i uforskamma god form ), det morsomme var at ho var sikker på at ho hadde sett meg før ein eller annan stad medan eg på mi sie aldri har sett mennesket før. Etter ein kort stopp på Fløyen gjekk turen videre til Rundemannen (568 moh.) Då me kom opp her var det på tide å gjere seg av med det ein hadde att av mat og drikke. Det viste seg at ein av dei andre internasjonale studentane hadde dratt med seg ei flaske med vin heile vegen opp. Denne fekk me ein liten slurk av alle saman. Til og med eg, som ikkje er så glad i vin til vanleg, måtte inrømme at det smakte utmerket godt. :)
Etterpå tok me å gjekk innom Sandviksfjellet(392 moh.) før me gjekk ned att til Bergen. Etterpå tok eg bussen heim og var egentleg ganske trøtt og sleten etter ein lang dag med ein del gåing.
Bilder frå turen er her.

No Comments yet »

RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

Leave a comment

XHTML: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Entries and comments feeds. Valid XHTML and CSS. ^Top^