Bilproblemer
September 28, 2005 on 4:58 pm | In Personlig | 1 CommentHar i det siste hatt en del småproblemer med bilen.
Etter at eg fikk den igjen fra verksted i forrige uke, der de hadde fikset bremsene mine, som kjent noe som alltid er greit å ha når man er ute å kjører, så virket ikke airconditionen. Noko som ganske fort vart eit problem då bilen min har veldig lett for å dugge innvendig.
Etter å ha tenkt litt og klussa litt rundt meinte eg at det måtte være stopp-knappen min som hadde hengt seg opp.
I helga så fekk eg hjelp av pappen til å sjå på problemet og etter litt kluss med å demontere styrekonsollen for anlegget fant me ut at ja, det var Stopp-knappen som ikkje fungerte som han skulle. 10 Poeng til meg.
Men problemet var jo at ingen av oss viste korleis me skulle få den til å virke igjen. Etter litt tenking fant eg ei løysing på problemet som var like genial som den var enkel. Ta vekk stoppknappen :) Noko som viste seg å fungere som berre juling.
Kom ikkje her og sei at eg ikkje e noken god mekaniker.
Ny fjelltur med BSI
September 14, 2005 on 9:47 am | In Personlig | 1 CommentVel da hadde man vært på nok ein tur saman med BSI. Denne gongen gjekk turen til Stølsheimen, som er eit høgfjellsområde nord for Modalen og Vest for Voss og slr for Ortnevik i Sogn og Fjordane.
Denne gongen hadde eg også overtalt Kjersti til å vere med på tur og på fredag klokko fira sto me klare og venta på dei andre på Bystasjonen. Me tok ekspressbussen til Romarheim, der me bytte buss, eller gjekk av bussen og inn i noko frå Modalen – Eksingedalen billag. Fleire av dei som var med på turen hadde aldri høyrt om billaget og syntest fleire aspekt ved denne bussen var ganske så artige. For det fyrste så fekk ein grupperabatt om ein betalte tre eller fleire samle ( reknar med at ei gruppe i Modalen ikkje består av så mangen folk) og for det andre så var bilettsystemet også ganske så antikt.
Då me etter ei stund kom til veis ende ( bokstaveleg talt) på Steinslandeta gjekk me av bussen og byrja å gå mot Tjuvhellaren. Dette er rett og slett ein ganske stor hellar som ligg tett inntil stien som går opp på fjellet frå Steinslandet. Her under hellaren tilbrakte me fyrste natta med bål, pølser, pinnebrød og ein del anna god mat.
Dagen etter sto vi opp i ti-tida, år frukost og samla ved før me gjekk videre. Turgruppa, som for øvrig besto av 17 stykker, delte seg no i to grupper, ei gruppe for dei som ville gå med litt tempo og ei gruppe for dei som heller ville gå litt seinare. Eg og Kjersti skulle egentlig begge gå i den litt seinare gruppa, men etter ei lita stund mista eg tolmodigheten og gjekk for å ta igjen dei andre, noko eg klarte etter ikkje så alt for lang tid.. Eg fekk heldigvis denne ideen ikkje så lenge etter me delte oss i to grupper.
Etter ein fin gåtur kom me omsiden til Nordalshytta, som var målet for dagen. Hytta ligg på ca 1000 moh. og låg fint til, rett i nærheten av eit vatn. Etter den litt harde gåturen bestemte ein del seg for å ta ein liten symjetur i vatnet. Eg hadde eigentleg planar om å la dette vere men etter kvert som den eine etter den andre hoppa uti gav eg etter for gruppepresset. Vatnet var særdeles kaldt og symjeturen vart heller kort. Men eg kom meg i vertfall uti.
Så gjekk resten av dagen med til å sittje på trappa og slappe av.
Tre fire timar seinare kom Kjersti og den andre gruppa, som hadde tatt dagen med ro. Kjersti var ganske sliten og hadde vondt i knea. Men ho kom seg no fram og meinte på at dei hadde hatt ein fin dag. Utover kvelden kom det berre fleire og fleire folk til hytta ( det var ei av DNT sine hytter ) og til slutt endte me opp med 36 overnattingsgjestar i ei hytte med 22 sengeplassar.
Søndags morgonen sto eg tidleg opp for å gå i lag med Kjersti og dei andre som ville holde eitt litt seinare tempo og me forlot hytta klokka åtte om morgonen. Me viste at me måtte komme oss til Ortnevik før klokka var halv fem, for då gjekk nemleg fergja vi måtte nå. Me holdt ein ganske grei fart, og når klokka byrja å nærme seg elleve var me kommen til det punktet då me skulle byrje på nedstigninga til Ortnevik. Her vart det pause der eg kokte Tomatsuppe og åt Toblerone :)
Etter ein litt lengre pause byrja me å gå nedover, noko knea til Kjersti ikkje var særleg glade for. Men med tida til hjelp kom me oss til Ortnevik rundt klokka tre, altså med god margin. Så var det berre å vente på ferja som tok oss over Sognefjorden før me, etter enda litt venting, kunne settja oss på Fylkjesbåten til Bergen.
Alt i alt ein flott tur. Bilder fra turen.
De syv Fjell
September 5, 2005 on 11:00 am | In Personlig | No CommentsPå lørdag var det på tide å strekke litt på beina igjenn. Nok ein gong var det BSI-Frisluft som stod for arrangemanget. Målet for dagen var å bestige samtlege av dei Sju fjella som Turistforeningen pleier å gå på den berømte “7-fjellsturen” sin.
Etter ein fem seks timar med søvn stod eg opp klokko seks på laurdag og strevde meg ned til Sentrum, via Falck der eg leverte bilen eg hadde lånt dagen før.
Oppmøtet til denne turen var ein god del betre enn den tidligere omtalte turen til Ulriken, nesten ein heil GaiaBuss klarte me å fylla på vei ut til Nutec/NUI der me skulle starte frå. Darfrå gjekk turen mot Lyderhorn (396 moh.) som vart besteget ganske raskt, men tempoet roa seg ned utover dagen. Neste fjell var Damsgårdsfjellet på stusselige 284 moh. Etter ein kort pause her oppe fortsatte turen over Melkeplassen mot Løvstakken.(477 moh.) Etter kvert so begynnte eg å kjenne høgdemetrane i beina, sjølv om vi ikkje var halvvegs enda. Men det gjekk nokså greitt å komme seg opp her også.
Når vi no kom ner frå Løvstakken kom vi ner midt på Danmarksplass der vi tok eitt lite stopp på ein butikk og kjøpte oss litt Cola og sjokolade. Etterpå gjekk turen innom skulen til ein av dei som var med på turen for å fylle litt vatn på diverse flasker og camelbacker.
Ved den nedre stasjonen til Ulriksbanen hadde resursgruppa til BSI stilt seg opp og delte ut boller, kaker og saft til etter kvert litt slitne turgåarar. Etter ein liten pause her forsatte turen opp Ulriken (643 moh.), og nei, me tok ikkje banen.. Stigningen opp til Ulriken var nok dagens tøffeste og eg syntest at den var ganske så tung. Men til topps kom eg meg og der tok me ein lengre pause før me gjekk ner att frå Ulriken til Svartediket og videre opp på Fløyen(399 moh.). På veg opp dit møtte me på norsklæraren til to av dei internasjonale studentane som var med på turen ( dei var forresten i uforskamma god form ), det morsomme var at ho var sikker på at ho hadde sett meg før ein eller annan stad medan eg på mi sie aldri har sett mennesket før. Etter ein kort stopp på Fløyen gjekk turen videre til Rundemannen (568 moh.) Då me kom opp her var det på tide å gjere seg av med det ein hadde att av mat og drikke. Det viste seg at ein av dei andre internasjonale studentane hadde dratt med seg ei flaske med vin heile vegen opp. Denne fekk me ein liten slurk av alle saman. Til og med eg, som ikkje er så glad i vin til vanleg, måtte inrømme at det smakte utmerket godt. :)
Etterpå tok me å gjekk innom Sandviksfjellet(392 moh.) før me gjekk ned att til Bergen. Etterpå tok eg bussen heim og var egentleg ganske trøtt og sleten etter ein lang dag med ein del gåing.
Bilder frå turen er her.