Tur til Ulriken

August 25, 2005 on 9:27 am | In Personlig | 2 Comments

I går var det duket for BSI Friluft sin opningstur. Denne skulle gå over Vidden med avgang fra Ulriken. Men i går var det ein heller ruskete dag i Bergen, noko som førte til ein heller avkorta tur. Då eg møtte opp, som første mann, ved Ulriksbanen var banen nemlig stengt på grunn av dårleg ver på fjellet. Året før var det over 80 stykker som var med på opningsturen, i går var me sju. Men me som hadde møtt opp lot oss ikkje stoppe av litt dårleg ver, me bestemte oss for å i vertfall gå opp på Ulriken og vurdere veret der oppe.
Når me hadde komt ca 2/3 opp i fjellet og me passerte tregrensa byrja det å blese ein god del og regnet piska ganske hardt på kinna og den siste delen av turen vart ganske ufin sånn vermessig sett. ( Ryktene ville ha det til at de allereie tidlegare på dagen bles 19 m/s noko som tilsvarer sterk kuling)
Når me kom oss til toppen av Ulriken sette me oss inn i ein liten bygning som var open og åt nisto vår og bestemte oss for at å fortsette over Vidden ikkje var nokon særleg god plan, både på grunn av vinden, men også på grunn av sikten som ikkje var meir enn 30 – 40 meter på det beste..
Men alt i alt var det ein kjekk tur der me fekk oppleve litt skikkelig ver og eg gleder meg til neste tur eg har tid til å vere med på.

2 Comments »

RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

  1. [...] blog Vidar Drageide, mitt liv, mine ting og ting som skjer « Tur til Ulriken De syv Fjell På l [...]

    Pingback by drageide.com/blog » Blog Archive » De syv Fjell — 9/5/2005 #

Leave a comment

XHTML: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Entries and comments feeds. Valid XHTML and CSS. ^Top^