Tur til Ulriken

August 25, 2005 on 9:27 am | In Personlig | 2 Comments

I går var det duket for BSI Friluft sin opningstur. Denne skulle gå over Vidden med avgang fra Ulriken. Men i går var det ein heller ruskete dag i Bergen, noko som førte til ein heller avkorta tur. Då eg møtte opp, som første mann, ved Ulriksbanen var banen nemlig stengt på grunn av dårleg ver på fjellet. Året før var det over 80 stykker som var med på opningsturen, i går var me sju. Men me som hadde møtt opp lot oss ikkje stoppe av litt dårleg ver, me bestemte oss for å i vertfall gå opp på Ulriken og vurdere veret der oppe.
Når me hadde komt ca 2/3 opp i fjellet og me passerte tregrensa byrja det å blese ein god del og regnet piska ganske hardt på kinna og den siste delen av turen vart ganske ufin sånn vermessig sett. ( Ryktene ville ha det til at de allereie tidlegare på dagen bles 19 m/s noko som tilsvarer sterk kuling)
Når me kom oss til toppen av Ulriken sette me oss inn i ein liten bygning som var open og åt nisto vår og bestemte oss for at å fortsette over Vidden ikkje var nokon særleg god plan, både på grunn av vinden, men også på grunn av sikten som ikkje var meir enn 30 – 40 meter på det beste..
Men alt i alt var det ein kjekk tur der me fekk oppleve litt skikkelig ver og eg gleder meg til neste tur eg har tid til å vere med på.

Tilbake til den gamle skolen

August 12, 2005 on 12:17 pm | In Skule | 1 Comment

Eller noe sånt.
Mandag er det i vertfall semesterstart igjen, noko eg vart smerteleg klar over i går då eg hadde besøk av Rune og Monica. Dette skjedde i det Monica sjekka den nye timeplanen for semesteret og nesten knakk saman av fortvilelse. Ho hadde fått ein heilt forferdeleg timeplan, som mellom anna inkluderte å begynne klokken åtte kvar dag..
Dette fekk meg til å begynna å lura litt meir på korleis min timeplan kom til å sjå ut. Eg var allereie klar over sånn ca når eg skulle ha forelesninger, men gruppe o.l hadde eg ikkje ofra ein tanke.
Men då eg plutselig fekk mykkje død-tid i Bergen sentrum i dag ( takk til bommen på Klostergarasjen som stjal visa-kortet mitt og lot meg stå att utan pengar) so sit eg no på Høyteknologisenteret og er akkurat ferdig med å snekre saman timeplanen min. Den ser slett ikkje så galen ut, om eg må seia det sjølv. Dersom du er interessert kan du ta ein liten titt her sjølv om det stort sett berre er ubrukelege fagkodar der.
INF102 = Algoritmer, datastrukturar og programmering
INF 121 = Programmeringsparadigme
MAT 221 = Kombinatorikk I

Entries and comments feeds. Valid XHTML and CSS. ^Top^