Visum, eksamen og slekt

June 11, 2005 on 1:38 pm | In Personlig | 4 Comments

Two down one to go.
Da var eg ferdig med 66.66% av eksamenene mine og så har eg vært slakk i to dager etter den siste eksamenen uten å blogge.
Den fyrste eksamenen min var i MAT121 som er lineær algebra, som eigentleg er eit enkelt fag. Men eg trur ikkje at resultata vart noko å skryte over, så eg trur eg får melde meg opp til eksamen til hausten att og sjå om eg er heldigere med oppgåva då. Den andre eksamenen min som var i MNF130, betre kjent som “fjasefaget” eller “diskrete strukturer” trur ege eigentleg gjekk bra. Men sidan eg veit at ege eigentleg ikkje kan noko i faget så er eg litt skeptisk og vågar ikkje heilt å stole på magefølelsen.

Elles så går det stort sett i visum-søknader og dette er eit kapittel for seg sjølv.
Mongolia var det enkleste landet, send passset ditt og utfylt søknad med bilete rekomandert til ambasaden og du får det tilbake saman med ei rekning på 500 pr visum pluss 50 kr for postgang. Russland derimot goddtek ikkje at ein sender visumsøknade til dei per post. Du må få nokon til å levere den personleg på ambasaden deira i Oslo, at det ikkje er du som leverer den spelar ikkje noko rolle. I tilegg så har dei nokre heilt vanvittige gebyr på visum dersom du ynskjer å få søknaden din behandla innan to arbeidsveker. 600 kr for behandlingstid mellom 4 og 10 dagar og så stig det berre oppover til 1000 for 24 timar. Slemme russland.

Om ikkje dette skulle vere frustrasjon nok så jobbar eg for tida også med å få tak i nye felgar og dekk til bilen min. Dekka er ikkje noko problem, men det er ingen som kan svare meg på kva inpress eg skal ha på felgane mine og eg finn det ikkje ut..

*grrrr*

4 Comments »

RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

  1. Stakkars Vidar…. Men lykke til med visumsøknadene:)

    Comment by Monica Åsvang — 6/11/2005 #

  2. http://www.kompressor.no/felger/boltesirkel.htm har liste over slikt for de fleste biler.

    Comment by Planet Snuskete-leser :p — 6/11/2005 #

  3. Mangen biler der, men ikke FORD Tempo 92.
    Men takk for hjelpen :)

    Comment by Vidar — 6/11/2005 #

Leave a comment

XHTML: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Entries and comments feeds. Valid XHTML and CSS. ^Top^