Harde dager
May 31, 2005 on 2:55 pm | In Personlig | No CommentsSom tittelen på posten sier er dette harde dager. Min fyrste eksamen er ikkje før på fredag og stort sett alle eg kjenner er ferdige med sine eksamenar for lenge sida. Men ikkje eg, neida eg må sitte på lesesalen og rekne matriseoppgåver til augo vert store og våte.. I dag vart eg so lei av matriser at eg holdt på å spy. (nesten heilt sant). So no sitte eg framfor dataen min og leser litt om php og MySQL og litt på Rune sin fantastiske Vim-intro . Men snart er det vel tilbake til bøkene :(
Eg får vel heller trøste meg med ryktene om at Øystein og Monica skal ta Mattekurs i sommer, noko som gjer meg litt lettare til sinns.
Whining slutt :)
No Comments yet »
RSS feed for comments on this post. TrackBack URI