Eksamenspanikken
May 25, 2005 on 6:11 pm | In Personlig, Skule | No CommentsVel da er det offesielt eksamenspanikken har begynt å få taket på meg. Eg har klart å undertrykke frykten lenge, men no har den fått overtaket på meg. Sidan mandag har eg vore på lesesalen kvar dag og lest til eksamen i Lineær Algebra (MAT 121) og eg begynner å nærme meg slutten av pensum berre sju delkapittel igjen å repetere før eg går laus på tidligere eksamensoppgaver for alvor.
Elles så har eg vore oppom bror min på Haukeland og besøkt han nesten kvar dag for å sjå korleis da går med han etter at han var i ei trafikkulykke den 15 mai. Heldigvis so begynne han å komme i form igjen og det ser ut til at han får lov å reise heim frå sykehuset på fredag. Riktignok kjem han nok til å måtte holde seg i ro ei god stund. Dette på grunn av det brukne bekkenet han har. Men det gjekk i vertfall bra med han sånn alt i alt.
Må vel også nevne at eg fikk 98% på den siste obligen i informatikk, sjølv om det ikkje akkurat var verdas vanskeligeste oppgåve, så er det godt å sjå at det i hvertfall er eitt fag eg mestrer dette semesteret også.
No Comments yet »
RSS feed for comments on this post. TrackBack URI