Tvilsom aften på byn
February 26, 2005 on 6:36 pm | In Personlig | 1 CommentTorsdag hadde fylte Kjersti Ringheim 21 år og ho hadde bestemt seg for å feire dette i Bergen denne fredagen og sio eg for fyrste gong i år har ei frihelg så skulle eg være med.
Så eg og Kjersti sette oss i bilen og køyrde til sentrum der me plukka opp Torkjel som så forklarde veien videre ved hjelp av høgre og venstre metoden. Eit par gatetun og ein litt tvilsom parkeringsløysing seinare var me vel framme.Kvelden byrja på hybelen til Annbjørg, som (nesten) er mindre en kjøkkenet til Arne, etter kvert som klokka gjekk fann me ut at det var på tide å gå på byn. Torkjel insisterte på å gå på Børsen av alle plassar i verden. På grunn av alt maset hans vann han til slutt gjennom og me gjekk på Børsen. Då me kom dit kom vakten og sa at to av oss måtte vise bevis. Kjersti og Kjersti plukka fram sine og alt var greit, trudde eg. Men neida, han måtte sjå mitt også.. Etter kvert fant me oss eit ledig bor innimellom alkohollikarane og dei gamle damene med leopardtoppe. Så ein liten halvtime seinare kom jaggu vakten tilbake og spurde meg etter bevis nok ein gong.. Dette synest eg er dårlig gjort, for når eg no har blitt 20 år gammal synest eg at eg faktisk ser ut som om eg er 18.. menmen..
Etter ei (heller lita)stund på børsen gjekk me av ein eller annan grunn videre til Scotchman der me vart verande heilt til eg og Kjersti bestemte oss for å få oss kebab og komme oss på nattbussen.
Heimaoverturen gjekk forholdsvis greitt, med unntak av ein Passasjer på bussen som snakka om at han var odelsgut på ein gard på Kaaland og at han hadde islandshestar. Men det mest tvilsomme var at han fleire gonger snakka om den eine hoppa som var forelska i han ?!
Uansett ein artig kveld og det var vertfall kjekt å sjå Kjersti att etter gammalt.
1 Comment »
RSS feed for comments on this post. TrackBack URI